Stormsamling: 75 glade på gyngande grunn Sol, roleg sjø og høge dagtemperaturar. Sjeldan har folk klaga over slikt ute i Bulandet nord og vest av utløpet til Sognefjorden. Blant 75 padleglade på Njords Stormsamling 8.- 10. oktober, var fleire skuffa over mangel på vindpåverka hav. Men trass i at ein vart snytt for dei aller høgste adrenalinkicka, nådde arrangørane målet om øydelagde kajakkar… Tekst og foto: Linda Bakken For sjølvsagt; - havkajakk skal og være adrenalin og spenning. I alle fall om ein vil meir enn å nyte finværspadling på stille sjø. - Skulle nok ønska oss meir vind, medgir to stk primus motor i Njord – Eivind Nordeide og Lars Mjaavatn. Men dei fleste fann nok å bryne seg på der dønningane braut mot skjær og grunner. Det vart mange både frivillige og ufrivillige badeturar. Og dei ti deltakarane på vidaregåande kurs i havkajakking, fekk prøvd seg på reelle kameratredningar i røff sjø. - Viktig å trene på redning under vanskelege forhold, understrekar Eivind Nordeide, som sjølv var instruktør på kurset for dei vidarekomne. Redning er noko mange padlarar dessverre ikkje kan godt nok. Med kunnskapar om dette, kan ein utvide kajakkdimensjonen til meir enn rolege nyteturar. Havkajakkens andre side byr på tøffe tak med surfing på bølgjer, rockhopping og det som verre er der dønningane bryt mot skjæra i vest. Det er så visst ikkje berre elvekajakk som kan gi adrenalinkick! Det er andre gong padlefirmaet Njord arrangerar Stormsaling på Bulandet. Vårens synposium samla i år heile 150 tilreisande til diverse kurs. Stormsamlinga er meir lauseleg samansatt, så ein vel sjølv om ein vil delta på kurs Njord arrangerar – eller berre leike med gamle og nye likesinna. Det sosiale står i fokus, og kanskje er opplevinga av øysamfunnet Bulandet på nært hald det aller viktigaste. Allereie fredag kveld var det god stemning når folk vart samla til sosialt samvær og lysbilete frå Estland. Laurdag kveld toppa det seg med dagens snapshots samt fantastiske klatrebilete, etterfølgd av flammeshow og blot til ære for havguden Njord. Så med Bulandsdamer som dyktige kokkar, fekk folk frå Vestland, Austland, Tyskland, USA og andre framandland meske seg med bacalao. Alt i alt ein uvurderleg reklame for Vestlandet, skulle ein tru! Og kor mange kajakkar som måtte reparerast etter helga? Eit spørsmål utan klart svar. Men under festen laurdag kveld fekk i tre adrenalinjegerar pris for sin innsats i å gje jobb til kajakk- reparatørane...
|
På ferga: Takk til Linda Bakken for tekst og bilder! Sånt liker vi her på adrenaline.no! |